onsdag 1. mars 2017

FOTSPORENE

Bilete tatt ved Alnes fyr hausten 2016

En natt hadde en mann en drøm.
Han drømte at han spaserte langs stranden sammen med Herren!
Over himmelen kom bilder fra livet hans til syne.
For hvert bilde han så, oppdaget han at det var to par fotspor i sanden;
det ene var hans egne, og det andre var Herrens.
Da det siste bilde fór forbi over himmelen, så han tilbake på fotsporene i sanden.
Han la merke til at mange ganger i livets løp var det bare ett par fotspor.
Da oppdaget han også at det var de gangene da livet hans hadde vært vanskeligst og mest smertefullt.
Dette forsto han ikke, så han spurte Herren:
"Herre, du sa en gang at da jeg bestemte meg for å følge deg,
så ville du alltid gå med meg og aldri forlate meg.
Men nå ser jeg at da min nød var størst og livet vanskeligst å leve, da er det bare ett par fotspor.
Jeg forstår ikke hvorfor du forlot meg da jeg trengte deg mest."
Da svarte Herren:
"Mitt kjære og dyrebare barn! Jeg elsker deg og vil aldri forlate deg.
De gangene i livet ditt da prøvelsene og lidelsene dine var størst -
og du bare kan se ett spor i sanden,
det var de gangene da jeg bar deg i armene mine."

Forfattaren av dette flotte diktet er Mary Stevenson som skreiv det i 1936. 
Kven som har oversatt og omarbeida det til norsk er ukjent. 

.............................................

Det er så mange som slit med ulike vanskar.
Ei vennine kjempar sin livs kamp og klarer ikkje å sjå vegen vidare.
Ei anna eg kjenner har mista si eldste dotter. 
Dei fleste har opplevd dagar der ein verken ser fram eller tilbake.

Dette diktet har betydd mykje for meg.
Og det er difor eg ynskjer å dele det med deg.

torsdag 16. februar 2017

Kapitulere



innimellom må ein berre kapitulere
rett og slett overgi seg

finne senga
og la sjukdommen ta den tid den må

nyttar ikkje stritte imot
vert ikkje fortare frisk av det i allefall

då kan det vere godt å ha eit vakkert måleri
på soverommet

og når eg endåtil får vakre roser frå mannen
så er det ikkje så allerverst å vere til

...............................

Eg som trudde at med influensevaksine skulle eg halde meg frisk i vinter.
Har no ikkje tid å vere sjuk eg.
Trøysta mi er at utan vaksine hadde eg hatt det verre..
Ei rar trøyst, men eit kvart skal ein no trøyste seg med. 

💗

fredag 3. februar 2017

HAR DU OVERSIKT?




OVERSIKT OVER DITT EIGE LIV?
OVERSIKT OVER ANDRE SITT LIV?

ER DET VIKTIG Å HA OVERSIKT?
HA KONTROLL I LIVET DITT?

ER DET MOGLEG Å HA FULL OVERSIKT?
KAN ALT KONTROLLERAST?

........................................

DU KAN SETTE DEG MÅL.
MEN DET ER IKKJE ALLTID DU NÅR DEI.

SKAL VI SLUTTE Å SETTE OSS MÅL?
SKAL VI BERRE LA HUMLA SUSE?
BERRE LA OSS FØRE AV STAD FOR VÆR OG VIND?

IKKJE ALT KAN KONTROLLERAST.
IKKJE ALLTID EIN KLARER Å HA OVERSIKT.

VI MÅ HJELPE KVARANDRE TIL Å NÅ DEI MÅL VI HAR SATT OSS.
OG OM DU IKKJE KJEM I MÅL MED ALT..

HUGS Å VERE TAKKSAM FOR DEI MÅL DU HAR NÅDD!

::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::
SÅ KAN VI FÅ LOV Å LEGGE LIVET VÅRT OG ALLE MÅL I GUDS HAND:

Men eg set mi lit til deg, Herre,
eg seier: «Du er min Gud.»
Mine tider er i di hand.
-   SALME 31, 15-16a  -

søndag 15. januar 2017

GODT NYTT ÅR!



21 Men éin ting legg eg meg på hjartet,
          og dette gjev meg von:
          
   
 22  Herren er nådig, vi går ikkje til grunne.
          Hans miskunn tek ikkje slutt,
          
   
 23 ho er ny kvar morgon.
          Din truskap er stor.
          
   
 24 Eg seier: Herren er min del,
          eg set mi von til han.

Klagesongane Kap.3

................
Innom og helsar på bloggen og mine bloggvenner.
Vil ikkje miste nokon av delane.
Men kvardagen er litt hektisk.
Ein får vone at ting vert betre etter kvart.

Klem



torsdag 24. november 2016

To månader seinare

Kvar vart dei av desse dagane?

Ein del av livet som reiste forbi...

Eit sjettedelsår...

Kva fanga tida mi?



Flaug den forbi?


Eller har det arbeidet eg har lagt ned bore frukter?

Berre tida vil vise.
...................................
1 mnd før Julaftan er eg innom for å seie hei.
Skal prøve å oppdatere av og til, 
men fortsatt litt for få timar i døgnet. 
Vonar du har det bra!
...............

lørdag 24. september 2016

DAYS LIKE THIS...








Sommaren 2016

Reise til stadar som betyr noko.
Møte menneske som bor i hjerte.

Days like this.. 

Minner som er gode å ta med inn i kvardagen.

God helg!

.........................
Deler på Skywatch Friday

lørdag 2. juli 2016

God Sommar!



Det er absolutt sommar når dei aller fyrste jordbæra 
lyser mot meg i jordbæråkeren vår!
Nydelige på smak!


Om ei veke eller to kan eg kanskje fylle denne 
vakre blå skåla med jordbær 
og ha vaniljesaus i muggen!
...............

GOD SOMMAR!

(det vert ei sommarpause her på bloggen ei stund,
men plutseleg er eg her igjen)