mandag 30. november 2009

GJENBRUK

Ein dag eg skulle rydde blandt sengkleda oppdaga eg eit flott blåruta dynetrekk...
Feilen med det var at det var ei rift i det, hm kva skulle eg gjere?

Her var fleire alternativ:
  1. Hive det?
  2. Gøyme det for at eg ein vakker dag kunne veve med det? (Ja, eg har ein vev-stol, men..)
  3. Få nokon til å lage noko?

Alternativ 3 vart valgt!

Eg fekk levere stoffet til ei kreativ dame HAUST.
Og ho "tryllar" fram mykje fint ved symaskina.
No har eg flott gjenbruks-handlenett og pung til ymse små ting.
Viss du har lyst til å sjå kva ho lagar og kanskje kjøpe ei flott Julegåve så kan du sjå innom butikken til HAUST PÅ EPLA.

søndag 29. november 2009


Advent


Advent er ventetida før jul.

Ordet advent (kjem frå latin) tyder eigentleg Herrens komme, og har blitt brukt som namn for denne ventetida heilt sidan slutten av 400-talet.

I følge tysk tradisjon refererar advent til dei 24 dagane oppunder jul, altså 1-24 desember .
I adventstida førebur vi jula og ventar på Jesusbarnet sitt komme.

1.søndag i advent, markerar starten på kyrkjeåret, den fell alltid mellom 27. november og 3. desember.

Før i tida - fram til den andre verdskrigen - vart advent kun markert i kyrkjene. Dei siste åra har det vorte vanlig å pynte heimane med forskjellig adventspynt som lys, kalenderar, kransar m.m.

Som adventsfarge brukar ein som oftast lilla/fiolett.

Adventslysestaken finst i mange heimar. For kvar søndag i advent tenner vi eit nytt lys i staken og syng/les eit vers om Advent.

Her er den sangen vi brukar i vår heim:


No tenner vi det første lys,

åleine må det stå.

Vi ventar på det vesle barn

i krubba lagt på strå.


No tenner vi det andre lys,

dei står der stilt og skin.

Vi ventar på at Gud, vår Far,

vil sende Sonen sin


No tenner vi det tredje lys,

det er eit heilagt tal.

Vi ventar på at Kongen vår

skal fødast i ein stall.


No tenner vi det fjerde lys

og natta vert til dag.

Vi ventar på ein Frelsarmann

for alle folkeslag.


Tekst: Sigurd Muri 1963 (frå Ørskog på Sunnmøre) - Melodi: Emmy Köhler 1898 (Nå tennes tusen julelys)

Faktaopplysningar henta frå blandt anna: AKTIV I OSLO


lørdag 28. november 2009

Du omgir meg




Du omgir meg på alle sider
Og du held meg fast i di hand.
Du omgir meg på alle sider.
Og held meg fast i di hand.

Når min veg går gjennom tette skodda.
Nær ved bratte stup og djupe vatn.
Då er du nær meg på alle sider,
Ja du leiar gjennom vatn.

Når min tru er svak og motet sviktar.
Og eg kjenner kalde redslevindar.
Då veit eg trass alt at du er nær meg,
Du har lova vere med kvar ein dag.

Eg veit diverre ikkje kven som har skreve denne sangen.
Men den seier svært mykje om kor godt det er å ein
Himmelsk Far som har omsorg for oss.

(Takk til alle som har lagt igjen god betrings helsingar.
Er heldigvis litt betre og er trass alt oppe.
Satsar på å snart vere god att.
Ha ein fantastisk flott laurdag alle som ser innom
bloggen min. Klem frå Sigrid)

fredag 27. november 2009

Advent på trappa

Eg ser at mange alt har pynta så fint på trappa til Jul.
Den som kjem til oss vil finne dette gamle emaljerte fatet med røsslyng og mose i.
Fatet hadde nokon berre slengt frå seg og det vart no eg glad for.
Gjenbruk er tingen!
Dei gamle tørka greinene er utruleg dekorative.
Andre hadde vel brukt dei til ved.
Slik er det med alt; det er auga som ser og heldigvis er vi ulike.
Sånn eigentleg er det haustpynten vår ;-)
Men eg syns det passar til Advent også.






torsdag 26. november 2009

Tankevekkar på ein spegel

biletet lånt hjå : Sköna hem

Ein forkynnar fekk bo hjå nokre vener ei natt han var på reise frå eit møte til eit anna.
Om kvelden gjekk han som vanleg på badet for å pusse tenner og stelle seg til natta.
Då vart han merksam på ein handskreven lapp som hang på spegelen:

"Kor lang tid brukar du på å stelle hjertet ditt?"


onsdag 25. november 2009

Farge






















Når hausten kjem og mørket kjem sigande får eg behov for meir fargar...
Noko som kan gi meg litt energi...

Difor vart desse innkjøpt frå

Ein finn sikkert billigare Skjærebrett rundt om,
men eg syns prisen ikkje var så ille.

Skjærebrett, 4 stk
4 harde plast-skjæreunderlag med ulike farger og symboler for kjøtt, fisk, fjærkre og grønnsaker. Enkelt, renslig og praktisk. Hindrer overføring av eventuelle smittebakterier.(kr.149,-)

tirsdag 24. november 2009

Snippen Engel

Har du sett så fint?
Ein annleis engel, litt variasjon er ikkje dumt...
Dei som lagar desse er svært kreative.....
Vil du kjøpe dei kan du besøke denne sida: Snippen

mandag 23. november 2009

Interiørgåver til under 100-lappen

Produktbilde

For få dagar sidan opna eit flott internett kjøpesenter,
nemleg Epla ...

Et glimt av M kom med ei utfordring om å finne interiør Julegåver til ca.100kr og på Epla er det ikkje noko problem.

Denne søte fuglen kan ein kjøpe hjå Haust for 80kr.

Sting & Ting selge denne tøykorga for 95kr.

Produktbilde

Og til slutt vil eg tipse om nydelige hjerte frå Hulda´s Homemade til 65kr. Ho er ikkje på epla.no.


"Finn tre interiørgaver på nett under 100 kr.
Kall innlegget for "Interiørjulegave under 100 lappen "
Vis bilder på bloggen, og gi utfordringen videre til tre bloggevenninner.
Tips M om innlegget ditt,
så samler vi forskjellige julegavetips på Et glimt av M bloggen.

Og link til den som ga deg utfordringen!"

Til den som vil er det berre å ta utfordringa ;-)

søndag 22. november 2009

Hekseskot

Bildet og informasjon er lånt hjå : Helsenett

EG
.....er blitt pasient.... er blitt sengeliggande..
.... treng hjelp til den minste ting....
.... som er van med å gi omsorg må no ta imot omsorg...
.... som ikkje likar ta tablettar utan at eg MÅ..
.... MÅ dope meg med sterkare saker enn Paracet og Ibux...
.... syns synd i meg sjølv, sjølv om eg veit at svært mange har det mykje verre..
.... må berre vere takknemleg fordi det er noko som går over....


Hekseskudd kjennes som plutselig krampe i de dype kraftige musklene i korsryggen.

Hekseskudd oppstår som regel ved en plutselig feilbelastning eller overbelastning uten "oppvarming". Hekseskudd blir også kalt for lumbago.

Hvilke symptomer gir hekseskudd/lumbago?

Vanlige sykdomstegn er sterke smerter og bevegelsesvanskeligheter, samt skjevhet i ryggen som er forårsaket av smerten.

Smertene stråler ikke ut i benene.

Bør lege oppsøkes ved hekseskudd/lumbago?

En lege må ikke nødvendigvis oppsøkes umiddelbart ved hekseskudd. Ofte har pasienten tidligere hatt lignende episoder og er fortrolig med symptomene.

Er diagnosen usikker, bør imidlertid lege kontaktes. Legen vil gjennom sykehistorien (det du forteller) og undersøkelsen kunne fastslå diagnosen hekseskudd.

Hvilken behandling er det for hekseskudd/lumbago?

Hvile, varme og medikamenter (muskelavslappende og betennelseshemmende midler, antiflogistika) er den umiddelbare behandlingen av hekseskudd.

Senere spiller fysikalsk behandling med ryggtrening en stor rolle. Ved et hekseskudd er en sykehusinnleggelse i første omgang vanligvis ikke nødvendig.

lørdag 21. november 2009

Rundt neste sving

ta ikkje ting som sjølvsagt.........
livet er ikkje slik.....
du veit ikkje kva som møter deg rundt neste sving...
set pris på livet ditt no...

nokon har i dag mista ein dei var glad i....
andre har mista arbeidet sitt....
somme kjenner at helsa sviktar dei..
ta ikkje ting som sjølvsagt....

torsdag 19. november 2009

Å lede med omsorg..

Når ein er dagleg leiar og har ansvaret for dei ansatte
er det mange tankar som kjem...

Korleis skal ein lede slik at kvar enkelt føler seg verdifull?

Korleis lede med omsorg?

Ein vil gjerne gjere alle til lags, være positiv og imøtekomande.
Men ein har eit budsjett å forholde seg til..
Ein har reglar som må følgast..

Det vert sagt at ei forutsetning for å lukkast som leiar
er at ein er nær dei ein skal lede..
Vere tilstades for dei på ein god måte..


Visjonen vår er flott:

"VI SER OG VERT SETT!"

Men kanskje ikkje like lett i kvardagens "kamp"...

I tillegg til visjonen vår syns eg at dette er svært viktig:


"Walk the talk"

dvs. at ein gjer det ein seier at ein skal gjere.

Sette orda ut i handling!

Ein kan fort verte ein som strekar over det ein seier
istadanfor å streke under dei.

Slike tankar kjem sigande når ein eigentleg har fridag og burde tenkt på seg sjølv ;-)

tirsdag 17. november 2009

Julemessetid


Englebilete er lånt på http://nlm.no/

Eg har alltid vore imponert over alle Julemessedamer (ja, det er mest damer) som står på heile året for at vi i november skal få lov å gå på Julemesse...

Mamma var med i Misjonsforening, ho og dei andre strikka og broderte året rundt, fyrst for å lage basar på heimplassen og etterpå til Julemessa i kommuna vår.

Sist laurdag var eg på ei Julemesse, og der var det mykje flott å få kjøpe...
God mat var der også ;-)

Mi gode vennine E er ei av dei eg vil rose for dette flotte arbeidet.
Etter ei evaluering i slutten av november har ho og dei andre
Julemessedamene ei kort pause, i januar er dei klar til ny dyst...
Dette står det respekt av...
Alt dette arbeidet gjer dei for å gi evangeliet vidare til heile verda..

Takk for innsatsen og lykke til med nytt Julemesseår!

søndag 15. november 2009

Leveregel

Her er eit ordtak som kan vere nyttig å følge:

“Lev slik at noen i dag
er glad for at du er til.”

Ikkje alltid så godt å leve opp til,
men det går no ann å prøve....

Ha ein flott søndag i ditt liv!!

torsdag 12. november 2009

Over skya er himmelen ...


Tenk at over skya er himmelen alltid blå....
Når ein står her nede i skoddehavet klarer vi ikkje sjå det....
Men av og til blir det ein sprekk i skydekket og vi kan sjå eit vakkert fjell som kneisar med nakken..
Og den blå himmelen kjem til syne for oss....
Kanskje vil litt oftare bør løfte blikket vårt?

tirsdag 10. november 2009

Avhengig... ?








Hei på deg...
Er du avhengig av noko?

Noko som du berre må ha, enten med deg, på deg eller i det minste der du er?
Akkurat no er eg utan mobiltelefon.....
Og den følelsen er ikkje god. På mobilen har eg 7 sans og alle mine kontakter.

Den ringer når eg skal stå opp og den minner meg på det eg skal gjere.
Den er blitt ein trufast venn og hjelpar...

Men å bli så avhengig av ein ting opplevast litt skremmande....
Uansett mobil må eg visst ha, eller?
bilde lånt på nysgjerrigper.no

søndag 8. november 2009

Å ha ein venn

Eg har ein venn...
Ja, ikkje berre ein, eg har mange...
Mange venner, mange ulike, gode og kjekke venner..
Venner som ser meg, som bryr seg om meg...
Venner som eg kan le saman med, som eg kan gråte saman med..
Venner som ikkje går om dei ser meg akkurat slik eg er...

Nokre har eg sjeldan kontakt med,
men når vi møtest er det som om dagar, månedar og år er
viska bort...

Den som har venner er rik...

Men blandt alle mine venner har eg ein spesiell venn som betyr alt for meg:

Jeg har en venn som har gitt sitt liv for at jeg skal få leve.

Det finnes intet alternativ, det nytter ikke å streve.

Fordi jeg lever så milevidt i fra Guds vilje med livet mitt,

fikk jeg dommen, slik lød den: Du skal dømmes til døden!
---------
Denne dommen er absolutt, og jeg kan ikke anke.

Men når jeg innser at alt er slutt, har Gud en frelsende tanke:

Til jorden sender Han Jesus som tar på seg både min skyld og dom,

og når han drepes uskyldig, blir min dødsdom ugyldig.
---------
Tenk jeg skal ikke dø fordi Jesus døde istedet!

All min dødsangst er nå forbi, den er byttet med glede.

Ja, Jesus hjelp meg å klart forstå at det livet jeg lever nå,

det er ditt liv alene, det er deg jeg skal tjene.
---------

fredag 6. november 2009

Ros eller ris?

Vi lærer meir ved å beundre
enn ved å kritisere.

Måtte vi hugse det når vi har ein krass komentar på tunga.

Ha ei velsigna god helg der du er...

onsdag 4. november 2009

Stundom

Stundom møter vi menneske som
hentar fram det beste i oss.
Menneske som opnar for våre
kjelder, som lokkar fram våre
fargar ... – som aukar varmen
i våre liv.

Stundom møter vi menneske som
ser bak våre skal, så vi gløymer
vi har dei og glitrar fram i
vår prakt.
Menneske som vi ber i oss etterpå
med takksemd.
- Bente Bratlund Mæland

I dag har eg møtt gode kollegaer som lever i same situasjon som meg,
som kjenner på kroppen korleis eg har.
Vi er ulike, men har mykje til felles.
Så godt å oppleve fellesskapet slike stunder gir..

søndag 1. november 2009

Maria

Maria er mamma sitt søskenbarn. Ho er no ei gamal dame. Heile livet har ho arbeidt hardt på hotellet som foreldra dreiv. Dei siste åra ho var yrkesaktiv hadde ho ein handarbeidsbutikk.
Kvar gong eg var på ferie/på besøk med mor-mor måtte Maria besøkast.
Ho har alltid hatt ei opa dør for slekt og venner. Mang ei slektshistorie er blitt fortalt og utruleg mykje mat har nok gått med.
For fleire år sidan fekk eg ein avleggar av Porselensplante. Den er blitt stor og flotte blomar gler meg fleire gongar i året.
Slike minner frå barne og ungdomsår er kjekke å ta med seg.