Vår!
Kvifor er du ikkje her?
Det er no eg treng deg.
Du har med deg det eg treng.
Lysare og varmare dagar.
Din bror, vinteren er enno her.
Eg trudde han hadde reist.
Og at du kom snart til meg.
Men han hadde berre pause.
Ute er det kaldt.
Snøen ligg kvit og glitrande.
Under han ventar snøklokker
på at du skal kome.
Men eg har ikkje gløymt deg.
Eg har trua på deg.
Om ei stund er du her..
Vår eg lengtar etter deg!
Dikt til våren er skreve natt til 27.mars 2011.
Ute er det fortsatt vinter. Snøplogen måtte brøyte vegane i dag tidleg.
Og etterpå har det berre snøa meir.
Difor er dette diktet eit lengsels dikt etter noko som eg ventar på.
Marit med bloggen Som mine dager er har utfordra oss til å skrive VÅRDIKT!
Ho feirar 3 års jubileum som bloggar.
Ho har ein kjempeflott blogg som er vel verdt eit besøk.
I siste liten postar eg dette. Om det vert med i konkuransen eller ikkje,
er ikkje det viktigaste. Og det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta.
VAKKER SØNDAG TIL DEG SOM ER INNOM
REFLEKSJON PÅ LIVSVEGEN!