Dette motivet fanga meg på veg til hytta i sommar.
Nytt liv av daude gror..
Det er så uendeleg mange som treng hjelp og støtte i ei vond tid.
Når hauststormane rasar i livet kan ein ofte tru at dette er slutten.
Korleis klare reise seg igjen?
Korleis kan noko godt gro fram der alt er vondt?
Igjen og igjen ser vi menneske som opplever traumatiske ting i livet sitt.
Vi menneske er spesielle.
Dei aller fleste klare å la livet sakte, men sikkert vende tilbake.
At noko nytt spirer fram sjølv der det er svartast.
At ein klare finne noko godt midt i det vonde.
Vi er så uendeleg viktige for kvarandre vi menneske.
Så viktig å vere nær når nokon treng deg.
Så viktig at nokon er nær deg når du treng det!
Ta vare på kvarandre!
.............................................
Mitt bidrag til
........................
GOD HELG!