AV OG TIL SÅ INDERLEG GODT
Å VERE ÅLEINE
AV OG TIL SÅ INDERLEG VONDT
Å VERE ÅLEINE
DET BURDE VERE SLIK AT VI
KUNNE VERE ÅLEINE NÅR VI VILLE
DET BURDE VERE SLIK AT VI
SLAPP VERE ÅLEINE NÅR VI IKKJE VILLE
..............................
Så er det fredag att..
Ei veke fyk litt for fort i frå meg.
Og slik er det fleire som opplever det.
For oss på Sunnmøre har hausten vore betre enn sommaren.
Solrike dagar, med ein og anna regnskur, men det merkast at det er haust. Det er kaldare om morgonen og så er det mørkt.
Med kalde morgonar og varme dagar er det lett å bli sjuk.
Og nettopp det har eg sjølv fått erfare.. men vonar helga skal gjere underverker..
GOD HELG TIL DEG!
ENTEN DU KJENNER PÅ EINSEMD
ELLER DU HAR DET HEILT PERFEKT,
ELLER KJENNER BEHOV FOR Å VERE ÅLEINE..
............
deler på Skywatch Friday